søndag 19. april 2009

Dorullkort

Framsida.
Det viser ikkje so godt på bilda, men shortsen og 2 av felta på lua er malt med glitterlim i sølv.

Baksida av tagen.
Tanken er at ein skal kunne feste ein seddel under "båndet" på midten.

Baksida av kortet.


No i desse konfirmasjonstider kan det vere greit å ha litt konfirmajonskort i bakhånd. Tenkte eg skulle prøve å lage et dorullkort denne gongen. Som sagt syns eg det er litt vanskelig med guttekort, so det vart litt kjedelig i fargane dette og. Slit litt med å finne passende motiv også. Syns kanskje dette kortet vart litt barnslig, men.. Det får berre stå sin prøve :-) Stempelet eg har brukt er fra Panduro. Syns dei er litt søte eg!

Konfirmasjonskort

Innsida
Har laga ei lita lomme nederst på eine sida der det er plass til penger.
Neste helg skal min fetter konfirmerast, og det må i den forbindelse selvfølgelig lagast kort. Kortet er laga etter ei skisse fra "Sukkersøtt". Stempelet har eg fått låne av Carina. Syns det er litt vanskelig å lage kort til gutter, so har ein tendens til å ende opp med litt kjedelige farger.

En hilsen fra hjertet :-)

Ja, so var det slutt på påskeferien for denne gong. Passa skikkelig dårlig no når fineværet kom her til Førde. Men, men.. Kjem forhåpentligvis fleire fine dager framover :-)
Dette kortet er ei oppussa utgave av et kort eg har hatt liggande. Såg et lignande kort på ein bokhandel. Var ikkje so enkelt å lage som det først såg ut, men fekk det no til på et vis til slutt :-) Trur faktisk eg berre har brukt resteark og.. Kjekt å få brukt opp litt av det også :-)

mandag 6. april 2009

Babysko til gutt


Syns disse skoa er så søte. Er ikkje så vanskelige å lage heller. Dette var i grunn berre ein "prøvesko", så har ikkje gidda å pynte den.

Eksplosjonsboks

Innsida

Leita litt i skuffene mine i dag, og fant denne eksplosjonsboksen eg laga i fjor. Er i grunn litt fornøyd med den, så syns nesten den fortjener ein plass i bloggen min den også :-)

Babykort



Inspirasjon til dette kortet har eg funne på bloggen til Ruth. Eg syns desse korta var så fine at eg rett og slett måtte stjele ideen hennes. Sommerfuglen er ein chipboard eg har kjøpt på e-bay for lenge siden. Stempelet er fra stempelglede.

Snurre-kort



Fekk omsider lagd ferdig dette kortet som eg begynte på for ei god stund sidan. Vart inspirert av et kort Carina har laga.

søndag 5. april 2009

Thinking of you




Dagens resultat av fleire timer på scrapperommet. Fornøyd eg :-)

Hjerteboks



I dag har eg hatt besøk av Carina igjen. Resultatet av x antall timer med scrapping vart kvar vår hjerteboks. Inspirasjon og oppskrift fant vi på Kirsten Aune sin blogg.