lørdag 22. mai 2010

Eg har fått ein award :-)


Denne awarden fekk eg av Astrid for ei god stund sidan,
men eg må berre innrømme at eg ikkje heilt
har visst korleis eg skulle legge den ut på bloggen.
Men no har eg endelig begynt å skjønne litt meir.
Tusen hjertelig takk til deg Astrid.
Kjempekoselig at du ville gje denne awarden til meg!
Dette er ein Happy-award der ein skal liste opp 10 ting
som gjer ein glad.



Her er mi liste:
1. Vere i lag med familie/venner
2. Markus (min nydelige nevø)
3. Få koselige overraskelser av min kjære
4. Ferie
5. Shopping
6. Fint vær
7. Scrapping
8. Når nåken set pris på ting eg har gjort
9. God mat
10. Gaver

Hm.. Var faktisk vanskeligere enn eg hadde trudd dette.
Er jo mange ting som gjer meg glad, men er ikkje så lett
å komme på nåke når det skal ned på "papiret".

♥♥♥♥

fredag 21. mai 2010

Bryllupskort nr. 2

Vi skal som sagt i mange bryllup i sommar,
så eg må henge i med bryllupskortproduksjonen.
Sånn blei kort nr. 2 sjåandes
ut.
Stempelmotivet er malt med Distress reinker.
Har ikkje teknikken heilt inne enda,
men føler at den begynner å komme seg.

 
Sløret til bruden vart dessverre litt gult i kantane.
Planen var egentlig å få et litt bedre "brudeslørpreg"
på det heile ved å bruke Stickels perlemor,
men blei ikkje heilt sånn eg hadde tenkt.
Jaja.. Skal vel sjå litt heimelaga ut ;-)

Ellers har vi hatt et nydelig vær her i Førde
dei siste dagane.
Har faktisk fått gjort ein god del i hagen også.
Deilig!
Ha ei flott pinsehelg alle sammen!

søndag 16. mai 2010

Blomsterplanting

I går skein sola, og eg fekk virkelig "hageånden" over meg.
Fekk luka i fleire bedd, så no er dei straks klar til beplanting.
Eg fekk også svidd av nåken tusenlapper på div. blomster
og busker.
Fekk dessverre ikkje tid til å plante ned alt i går,
og i dag er det regn.
Er ikkje like fristende å drive med hagearbeid då.


Fekk no planta litt i krukkene mine utanfor inngangsdøra.
Ser no at eg treng litt meir pynt.
Planen er å få hengt noko opp på veggane,
men vil vente med det til vi får malt ferdig.
dessverre ha et strøk til før vi kan sei oss fornøyde.


lørdag 15. mai 2010

Bryllupskort

I sommar skal vi ikkje i mindre enn 3 bryllup,
så her bør det lagast kort på løpande bånd.
Eg er i allefall ferdig med det første.
Tusen takk til Carina for gode råd og tips underveis.
Brukte ei god stund på blomsterdekoreringa,
men trur resultatet blei ganske bra til slutt.
Har prøvd meg på litt
nærbilder
Syns dei blei ganske bra eg.
Innsida

Brukte dette nydelige stempelet fra Stempelgleder på baksida.
Syns det er et fint budskap til dei
nygifte.

Besøk hos Carina :-)

I går var eg på besøk hos Carina heile dagen. Vi hadde store planer om ein voldsom produksjon på scrappefronten, men når alt kom til alt så var vi ikkje så kreative likevel. I tillegg var været heilt fantastisk, så vi syns det var for gale å sitte inne.
Carina sin pus ville også nyte det fine været, og tilbragte mange timer sammen med oss i sola.

søndag 9. mai 2010

Vintage fyrstikkesker





Har prøvd meg på å lage vintage fyrstikkesker. Ein fin måte å få brukt litt restepapir.
Vart dei ikkje litt søte?

I svigermors hage

I går var det et nydelig vårvær. Vi var hos mine svigerforeldre og feira bursdagen til Tuva. Sola varma faktisk litt, så det gjekk an å sitte ute. Så då blei det grilling av pølser til middag, og kaker i alle varianter til dessert.



Siste rest av årets påskeliljer står fint i den emaljerte potta som blei kjøpt på Kreta i sommar.

Skikkelig vårstemning