mandag 17. januar 2011

Bryllup


Lørdag 15. januar vart eg endelig gift med min kjære Øystein.
Vi hadde ein fantastisk dag
sammen med familie og venner.

                                                 

onsdag 16. juni 2010

Peoner i Norgesglass

Eg har sett her i blogglandia at Norgesglass
har blitt svært populært igjen,
og det er selvfølgelig ikkje uten grunn.
Kjempefine og dekorative er dei.
Så eg ville sjølvsagt også skaffe meg et slikt eller to,
så då eg var heime hos mamma og dei for ikkje så lenge sidan
var eg så heldig å finne et stort Norgesglass i matboden til
bestemor
(som ho gladlig donerte vekk til meg)
Eg er også ganske sikker på at det er mulig å finne fleire slike glass
(og andre skatter)
rundt omkring i husa heime på garden, så eg gleder meg allerede til å gå
på "skattejakt" nesten gong eg skal heimover på besøk.




Peonane kjøpte min kjære til meg rett før helga,
og dei står like fint enda.

              

lørdag 12. juni 2010

Pakke i posten

Her for nokre veker sidan fekk eg pakke i posten.
Alltid like kjekt det!
Denne gongen var pakken fra Sofies villa, og den innehold noko eg har ønska meg
ei god stund.



Skikkelig koselig innpakking.






Ein koselig liten pose som inneholdt ordrebeskrivelse o.l.
Men kva inneheld pakkane?
Jo...
Tam, tam daaaa 
 (et forsøk på ein liten fanfare..)







...mine, fine nyinnkjøpte sinkhus!



             På plass i vinduskarmen i TV-stova.

   Trur dette må vere den einaste gongen eg har fått så koselig innpakka varer
frå ein nettbutikk.
Frister virkelig til å handle meir
(og det var vel kanskje det som var butikkens intensjon?)
Funka i allefall på meg!

Ellers går dagane her med til maling, maling og enda meir maling av huset utvendig.
Begynne å bli mektig lei no.
Syns vi har holdt på i ein evighet, men er fortsatt myyyykje igjen.
Men no har det begynt å regne,
så vi har fått oss ein (forhåpentligvis) liten pause
fra jobben.
Satser på at sola er tilbake på mandag!

Ha ei flott helg!

fredag 4. juni 2010

Heimbygda mi!

Forrige helg var vi på besøk hos mine foreldre.
Vi hadde ei kjempekoselig helg, med nydelig vær store deler av tida.
Eg fekk også tilbragt mykje tid sammen med min nevø Markus.
Det var utrulig koselig.
Nydeligere unge skal ein jammen leite lenge etter.
(i allefall i mine auger..)
Kunne ikkje vert stoltere tante!
Eg, mamma og Markus fekk også tatt oss et par turer rundt i bygda
i fineværet.
Her kjem et lite bilderas av den flotte naturen som i grunn
er rett utanfor stovedøra.
Kjenner eg nesten lengter litt heim når eg ser desse bilda!



På vei til kaien.
                            



Utsikt frå brua som går over til nabokommunen!


Det gamle skulehuset i bygda.
Skikkelig forfallent har det blitt dei siste åra.
 Men tenk kor fint det kunne vert dersom nokon hadde tatt vare på det!
Kunne f.eks. blitt et riktig så koselig sommerhus.


Utedoen!

Ja, sånn ser det altså ut i heimbygda mi.
Har hatt ein fin oppvekst der, sjølv om den ligg langt ut på bondelandet.
Har sin sjarm det også ;-)



Men no er det vel høg sengetid for meg.
Skal på tidligvakt i måra, men så er det endelig helg igjen.
På lørdag skal årets Sommarfest her i Førde vere.
Då kjem blandt anna Donkeyboy for å spele.
Har enda ikkje klart å bestemme meg for om eg skal gå eller ikkje!
Eg får sove på det i natt ;-)

Ha ei riktig god natt!


torsdag 27. mai 2010

Snart helg igjen!

No nærmer det seg snart helg igjen,
heldigvis!
Denne veka har stortsett gått med til jobb på dagtid,
og maling av hus på ettermiddag/kveld.
I helga reiser vi ein liten tur heim til mine foreldre.
Der skal eg endelig få treffe min nydelige nevø,
Markus (snart 11 mnd) igjen ♥
                Har ikkje sett han sidan før påske, og han har lært seg så mykje på denne tida.
Er  f.eks. blitt kjempeflink til å gå. *Stolt tante*
Vi skal vere i lag heile helga, og berre kose oss.
Gleder meg allerede ♥


Her er gullklumpen i bunad på 17. mai.
(Bildet er lånt fra facebook, så er derfor av litt dårlig kvalitet)
Er han ikkje berre til å ete opp?
Eg kan nesten ikkje sjå meg mett på han.

Ha ei flott helg folkens!



mandag 24. mai 2010

Et lite glimt av sommeren

I forrige veke hadde vi et par dager med nydelig vær.
Sommerblomster blei kjøpt inn,
og plassert rundt omkring.
Men (som ventande var) begynte det å regne igjen,
og no står blomstrene og blomstrer til "ingen" nytte,
bortgjømt i ein krok.

Men vi håper fortsatt på at sommeren snart kjem for fullt.
Er jo berre mai enda, så værgudane har
ei stund på seg enda!

Ha ein fin kveld!

Hagen vår


Endelig blei det såpass fint vær at vi kunne finne fram
hagemøblene igjen.
Har også fått planta litt rundt omkring. Så no krysser eg
berre fingrane, og håper at alt skal overleve.
Vi har også ein god del malearbeid å "kose" oss med i sommar,
nåke som kjem tydelig fram på desse bilda.